#

Draumefangeren

03. mars 2019

Opplev FRIKARs utselde publikumssuksess frå 2018, no i ny versjon! “Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar.

Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd!

Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka.

Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.” - Oppland Arbeiderblad.

Foto: Antero Hein

Vatnet har i tusenvis av år slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart.

Vi har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgja mellom.  Begge er 2,5 km lange. Du møter eit 20-tals kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk, skulpturar og installasjonskunst.

Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min. danseframsyning ved ein foss.

Bli med og gje draumen ein sjanse!

For mer informasjon, LES MER...